november 06, 2015

Norsk Mat- og kulturpris 2015

ved: Yara Norge

Med utgangspunkt i eit nedlagt bureisingsbruk har prisvinnarane bygd opp ei omfangsrik og mangfaldig drift der både maten- og kulturen har sin plass idag.

Steg for steg har dei utvikla garden med eit allsidig husdyrhald, i dag med mjølkekyr, ammekyr, sau og lama. 

Vinnarane hadde tidleg eit ynskje om å bli mjølkebønder med lokal foredling av råvara. Midt på 90-talet var dette langt frå stovereint. Forsøket blei av mange oppfatta som ein provokasjon og ein utidig motreaksjon på sentralisering og lange transportavstandar. Saka blei etterkvart rikspolitisk. 3 år greidde dei å halde meieridrifta i gang, trass i den store motstanden. Trulegvis var desse grunderane rett og slett altfor for tidleg ute. 

Meieriutstyr blei erstatta med kjøtforedling. I løpet av kort tid blei kalvekjøt eit produkt å få tak i for forbrukarar. Eit produkt som hadde vore burte frå marknaden i årtier. På Nordås Gårdskjøtt blir idag kalv, storfe og og sauekjøtt frå garden foredla, men ikkje minst elg, hjort og rein. Produksjonsmåten og kvaliteten står i høgsetet. 

I nærleiken av garden Nordås ligg skysstasjonen Grøna. Ein stad med lang og ærerik soge og som i si tid var stoppestad for farande folk på den Vestre Trondhjemske Kongevei over Totenåsen. Etter skysstasjontida tok slutt i 1880-åra blei det seterdrift på Grøna. Setringa opphøyrde på 60–talet og etter den tida har forfallet rådd staden. Takka vera prisvinnarane reiser no Grøna seg att, både dei mange husa og kulturlandskapet. Ein formidabel jobb blir no gjort med respekt og kvalitet. Staden er iferd med å bli ein arena med vekt på formidling av kulturhistorie, natur og mat.

Djupe røtar og sterke venger karakteriserar årets prisvinnarar!

Årets prisvinnarar er Kjersti og Per Idar Vingebakken.


Bakom prisen står Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Yara 

Rauland/Oslo 6.11.2015 

Ellen Horn Wenche Andersen Håvard Valved Svein Kostveit 

For meir info : Juryleiar Svein Kostveit tlf 48037560